Per Fett: Nausttuft. Her er ein mur av meterstore steinar, 15 m lang, men nokon annan veggmur er i beste fall utydeleg, på sørsida 4 m frå. På begge sider av midtmuren er det rydda og der er tilsvarande to breie båtoppdrag frå V, det nordre på den andre sida av ein steingard. Den nordre støda er elles i bruk framleis, der ligg lunnar mot O. Passhøgda er høgst 2 m.o.h. 1997: Kontrollert av J. Aksdal, Hordaland fylkeskommune, som skriv: Tufta var i 1972 godt synleg og er tidlegare dokumentert av Fett. Ved synfaring av staden i 1997 var kulturminnet lite synleg. Området er noko oppdyrka og skogen er fjerna. Tufta er slik øydelagt gjennom bruk av området. Steinmuren som går tvert over tufta er der i dag, medan muren som skil naustet i to er lite synleg eller heilt borte på grunn av overflatedyrking, Me bør her dokumentera det som er att av kulturminnet og sikra data om denne typen kulturminne.