Frå Per Fett: "Langskipshaugen", langhaug bygd på naturleg grushaug, av stein og jord. Her er f. skipssaum i restar av eiketre, som Clement O. Skilbeck fekk, men dei finst ikkje no i hans samling. Geometri endra 10.03.2020 då det ikkje var heilt samsvar med innlagt geometri og reell plassering. Status endra frå uavklart til automatisk freda ut frå dei funnopplysingane som er i skriftlege kjelder. Storleik på haugen er endra ut frå flyfoto og lidarskanning og er ca. 53 x 22 meter.