Det hadde vore funne 13 steinøksar på staden, deriblant fleire spissnakka øksar. Ved leiting i potetåkeren på staden i 1995 vart det på kort tid funne 39 steinartefakter, m.a. eggfragment av grønnsteinsøks, mikrolitt av kvartsitt, skraparar og avslag mest av flint men og av kvartsitt og bergkrystall. Det vart då klart at øksematerialet hadde samanheng med ein stor buplass som ut frå spreidinga av funna kunne vera minst 300 m2. Lokaliteten var til då den største og mest funnrike steinalderbuplassen som var kjent i Hardanger. Ved sinare undersøking av staden vart det funne ytterlegare 300 gjenstandar. 2005: Kontrollert av A. Jenssen, Hordaland fylkeskommune. Staden vert i dag ikkje nytta som åker, men er i staden beite-/slåttemark.