Frå Aksdal 2004: Fk 4/1: Røys, ligg på toppen av kollen like aust og bak for Sunnhordland Folkehøgskule og er vel sju meter i tverrmål. På grunn av den tette granskogen er høgda vanskeleg å sjå, men er likt med det Fett hevdar ikkje noko høg. Denne skal væra forstyrra alt i eldre tid, kanskje i samband med bygging av steingjerdet like vest for røysa. Fk 4/2: Haug, ligg omlag 25 m V for grensesteinen mellom bruk 3 og 15, tett S for stien mot Setre skule. Haugen er avlang, omtrent 12,5 m lang, 4,5 - 5 m brei i nordre del, og vel 4 m i søndre del. Haugen er høgast i N med omlag 1 m, og vel 0,5 m i sørenden. Haugen synest vera bygd av stein og sand. Fk 4/3: Haug, ligg vel 4,5 m SA for fk. 4/2. Denne er rund og har eit tverrmål på omlag 5 m. Høgda er vel 0,7 m. Haugen er bygd av stein og sand. Fk 4/4: Haug, ligg på nordsida av Grønhaug ned mot flaten der stien mot Setre skule går. Haugen ligg tre og ein halv meter vest for fk. 4/2. Tverrmålet er på 6 m og høgda er vel 0,8 m. Fk 4/5: Haug, ligg på nordsida av bakkebråtet mot flaten. Haugen ligg kloss i fk. 4/4 og kan kanskje sjåast som ei del av denne. Det er likevel eit søkk mellom desse som gjer det naturleg å sjå dei som adskilte haugar. Haugen ligg vel 7 m V for fk. 4/2 (?). Den er vel 5,5 m i tverrmål og også denne omlag 0.8 m høg. Fk 4/6: Haug, rund og ligg som dei andre i bakkebråtet på nordsida av Grønhaug. Haugen er vel 5,5 m i tverrmål. Haugen ligg som ei forlenging av bakken og får ei maksimal høgd i A på vel 1,5 m. Haugen er elles særs låg, berre 0,3-0,4 m. Fk. 4/7: Ein rund haug på vel 5 meter i tverrmål. Den er bygd likt med dei andre av sand og stein. Haugen er rett låg, ikkje høgare enn 0,4 m. Gravminnet nyttar terrenget og får ei høgd i A på vel 1,4 m. Haugen ligg mindre enn 2 m V for fk. 4/6.