Frå Aksdal, 2004: Røysa ligg att som ein rest oppå ein flate på berget. I dag er området nytta til leikeplass for bustadfeltet like N for staden. Røysa er mest ikkje synleg, men rett V for restane av røysa ligg det mykje utkasta neve- og løftestor stein som truleg er restane etter røysa. Røysresten er i dag i svært dårleg stand og dei restane Fett nemner er no svakt markert i overflata på staden. Rett N for staden ligg fleire løftestein inntil mindre berg, dette er truleg stein som har høyrt til i røysa. Kulturminnet bør undersøkast skikkeleg for å få klarlagt kva tilstand det er i og sikra data, som no kan væra i ferd med å verta øydelagt.