Ved avtorving kom den sirkulært, svakt bua røysa til syne. Røysa lå direkte på svaberget og var bygd av avrunda stein med ein gjennomgåande storleik på 20-60 cm. Tverrmålet på røysa var 5 m. Berget hadde ein naturleg, svak forhøyning slik at gravrøysa vart kuppelforma sjølv om ho berre bestod av eitt lag stein. Eit O-V orientert kammer låg noko vest for røysa sitt sentrum. Indre mål på kammeret var omlag 1,20 x 2,0 m. Ein del sundslegne heller som låg spreitt over røysa kan ha lege som eit tak over gravkammeret. Oppå røysa låg og ein avlang bautaforma stein, 80 x 20 x 10 cm, som smalna av mot den eine enden. Denne kan tolkast som ein liten bauta som har stått på toppen av røysa. Grava har ein gong vorte utsett for plyndring. Samtlege funn er gjort inne i kammeret. Funn av keramikk inne i grava daterar ho typologisk til 400-talet, og er då kanskje samtidig med tufta attmed. Truleg vart staden frigitt etter utgravinga.
Ved synfaring 14.12.18 låg røysa framleis på staden. Røysa vart målt inn på nytt og fekk endra geometri.