På Tofte vart det i 1995 gjort arkeologiske undersøkingar i samband med dei første planane for Halsnøysambandet. På jordet like nord for Tofte skule vart det gjort funn av både flint og keramikk. I søkesjakter vart det gjort funn av anlegg som vart tolka som stolpar og eldstader. Funna viser at området med Tofte har vore viktig i både steinbrukande tid og jernalder. Med dei nye røynslene me har frå Kvitevoll, veit me at steinsakene kan skriva seg frå ein mogleg bronsealderfase. Dateringar gjort av eldstader funne i undersøkingsområdet har gjeve dateringar til vikingtid/mellomalder og til eldre jernalder sin siste del ¿ folkevandringstid.