Det er spor etter omfattande uttak av kleberstein i skaret SV for og på toppen av Vetle Raudberg, 962 moh, i form av lausmassar og blokker. Uttaksstadene ser ut til å følgje i ei klebersteinsåre. Ved registreringa låg her snøfonner så det kan vere fleire uttaksstader enn dei observerte. Gryteemne og spor etter uttak av klebergryter er funne 9 stader, sju av desse ligg innanfor ca 100 langt område SV for toppen av Vetle Raudberg medan to stader ligg oppe på sjølve toppen.