Steinalderbuplassen ser ut til å ligg på to små flater, med ein truleg konsentrasjon på øvste, der det er gjort flest funn. Positive prøvestikk avdekka eit funnførande areal om lag 15 m breitt og 18 m langt nedover skråninga. Lokaliteten synest vere avgrensa av eksisterande bygningar i V og Ø og kan strekke seg ned til eksisterande veg. Mot nordvest viser negative prøvestikk at funnførande område strekker seg til gangstien mellom dei to bustadene. Sju positive prøvestikk inneheldt kulturlag og fem av desse inneheldt gjenstandar. Det vart funne kjerneavslag i flint, avslag av kvarts og flint og bitar med pimpstein. Funna låg i eit 20 ¿25 cm kolhaldig jordlag med stein i botnen. Laget ligg dels under 10-15 cm brun jord og dels rett under 10 cm grastorv.