Kolgropa har ein diameter på 8 m inkludert vollane, og ein diameter på 2,5 m utan vollane. Gropa er 0,5 m djup. Det veks store furutre i vollen rundt gropa. Det vart ikkje stukke med sonderbor, og på det viset påvist trekol. Men av form og konstruksjon er det truleg at dette er ei kolgrop.