I fire prøvestikk og to sjakter vart det påvist dyrkingslag under mektige moldlag i det brattlendte, sørvendte området. Det vart også påvist ei steinpakning, truleg ei rydningsrøys og ei mogleg tuft. Prøvestikka vart tekne spreidd utover området S for den eldre gardsvegen som kryssar planområdet. I prøvestikk 2, A i området, vart det påvist eit siltig, humushaldig dyrkingslag med noko trekol. I prøvestikk 3, teke i siste åkerreina ned mot E-39, kom ein 55 cm under marknivå nedpå ei tett steinpakning tolka som rydningsrøys, den fortsette i alle fall ned til 90 cm under marknivå. Prøvestikk 4 vart teke V i området, i eit søkk som kunne minne om ei tuft og der det 23 cm under torva vart påvist eit feitt kulturlag med materiale ein ofte finn i tufter. Prøvestikk 5 låg i NV del av området. Det vart påvist både rydningsstein og dyrkingslag i det 1,5 m djupe stikket, undergrunnen vart ikkje nådd. To sjakter vart gravne for hand gjennom to åkerreiner. I sjakt 1 SV i området, vart det påvist to avskilte dyrkingslag med mineralhaldig moldjord som truleg representerer to ulike dyrkingsfasar, det nedste låg rett over auren. I sjakt 2, N for gardsvegen og A for ein steingard, vart det under molda påvist dyrkingslag i form av moldhaldig mineraljord med sand og noko stein.