Etter rapport ved Ragnar O Lie 2000: Lokaliteten er ikkje avgrensa i alle retningar. Det er ikkje søkt avgrensing i nord og delvis i vest. I aust avgrensast lokaliteten av ein bergknaus. Mot sør er den avgrensa (av neg. ps?). Den funnførande flata er på minst 125 m2, men truleg strekker lokaliteten seg lenger mot nord enn vist. Det vart påvist eit lag som vart tolka som kulturlag på lokaliteten, men datering her gav moderne tid. Det vart elles påvist uvanleg mykje kol i torvlaget lengst nord, og her skal ha vorte brent mykje røter etter nydyrking. Det var også synleg kalvetråkk på flata, som viste at kollaget kuinne blitt forstyrra en 10-12 cm ned i bakken. Det er åtte positive prøvestikk på lokaliteten med 1-5 funn i kvar. Konsentrasjon i austleg del (ps 3 og 4) mot berget. Funna består av flintavslag og ei skaftfurekølle.