Det vart gjort funn i tre av prøvestikka. Desse vart gjort i nærleiken av den gamle åkeren, og det er difor ikkje umogleg at delar av lokaliteten kan vera forstyrra av dyrkinga. Mellom anna vart det funne eit nedgravd plastrøyr i dei to søraustlegaste av prøvestikka. Funna låg i overkant av den brune sanden. Funnmengda er særs låg og lokaliteten dekker berre nokre få m2.