Lokaliteten er registrert fyrste gong i 2000. Registreringa påviste ein lokalitet frå eldre steinalder, skada av vegbygging på 70-talet, men med eit funnførande areal på 6x10 m sør for fylkesveg, og eit funnførande areal på 8x10 m nord for fylkesveg. Ved etteregistrering i 2013 er det berre det funnførande arealet nord for fylkesvegen som står att. Lokaliteten ligg om lag 11 moh i ein hage til gnr.38 og bnr.640 nord for Fylkesveg 226, på ei austvendt hylle vest for eit nord-sørgåande daldrag mellom Ulvsundet i nord og Austevågen i sør, på Rong. Lokalitetens areal famnar om lag 7,7x100 m, avgrensa av fylkesveg i sør, tilkomstveg i vest, bustad/terrasse i nord/nordaust og utfylt område i aust. Det vart gjort ni funnførande prøvestikk og ei funnførande sjakt, totalt 321 slåtte steinartefakta. Lokaliteten er C14-datert til 5740-5660 f.kr. (6810+-30BP/6820+-30BP). C14-dateringa, typologisk diagnostiske funn og høgde over havet, stadfestar at lokaliteten har ein busettingsfase i fyrste halvdel av sein mesolitikum.