Fornminnet består av tre groptufter som ligg ved skråningsfoten til den vestgåande bergryggen. Nivået på overflata inne i groptuftene er for tuft 1 10,60 og for tuft 2 10,77. Tuft 1 og 2 er sirkulære forsenkingar i ein strandvoll av kantrunda stein, tverrmålet er ca 3-3,5m. Nivået på volloverflata hører overeins med tapesmaksimum (11) i området. Desse to tuftene ligg tett i tett, som ei dobbeltuft, då den austlege veggen i tuft 1 i tillegg er den vestlege veggen i tuft 2. Overflatenivået i tuft 3 ligg på 9,50 og nedafor og nordvest for tapesvollen og dei andre tuftene. Det vart påvist kulturlag sentralt i alle tre tuftene. Dette kulturlaget vart ikkje påvist i prøvestikk uta for tuftene, og var såleis samanfallande med konstruksjonane.