Lokaliteten har ikkje status som kulturlagslokalitet. I prøvestikka sentralt på lokalitetsflata er det funnførande laget forsegla av torv og dyrkingslag som ikkje er funnførande. I randa av grusryggen finst "negative" prøvestikk med lausfunn. Dette vitnar om erosjon av funnførande massar, truleg i samband med dyrkingsaktiviteten på staden. Både den horisontale og vertikale funnfordelinga teiknar eit bilete som indikerar at materialet er "in situ". Funna på sentralflata ligg over og i eit nærast humusfritt mørkebrunt gruslag, med stadvis innslag av trekol. Eit av prøvestikka er avgrensa på berg medan dei andre er avgrensa av synkande vertikal funnfrekvens.
Det er funne diagnostiske resikaper både frå tidleg og mellommesolitikum på lokaliteten, men det mellommesolittiske amterialet dominerer kraftig i funnbiletet. Det tidlegmesolittiske er representert ved ein einegga spiss av flint, flekker slått frå ensidige kjernar med spiss avspaltingsvinkel. Det mellommesolitiske materialet består av tre flekkebor, koniske kjernar, kjernefragment, fleire intensjonelle mikroflekker, stikkel laga av fragment av konisk kjerne og ein endeskrapar laga av ei regulær flekke. Biplar teknikk er tilstades på lokaliteten, sman med avslag av diabas og grønnstein. 13% av funna er brent, og 5,4 % er vassrulla.
Den bakre strandlinjedateringa av lokaliteten gir dateringa 9900 BP. Ei trekolprøve frå prøvestikk TAW 18 vart datert til 8215 +- 70 (TUa 3299).