• 95561-1

    id
    • 95561-1
    datafangstdato
    • 2001-07-10T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2006-01-03T12:43:54Z
    informasjon
    • Den utrasa steinblokka er omtrent av same storleik som dei minste gardshusa på Helland. Hellarflata er orientert sørvest-nordaust. Ein svakt markert voll som er 4-6 meter lang og 2-3 meter på det breiaste ligg foran hellarflata. I denne vollen vart det tatt eit prøvestikk (MT9) medan det og vart tatt eit prøvestikk inne i hellarrommet (GJ9). Små bjørketre står like inntil dråpefallet på vestsida av hellarrommet. På austsida er det eit fuktig søkk med ei open vassflate i terrenget og difor dårleg drenering nord og nedover flata mot merkepinne og negativt prøvestikk. Eit par meter ut frå vestre hjørne på flyttblokka renn ein liten nærast tilgrodd bekk i tett ungskog med bjørk og selje. Dråpefallet er omtrent 2 meter bredt på det breiaste og 2,20 høgt på det høgaste og hellarrommet kan gi ly til 4-5 voksne personar. Lokaliteten er topografisk avgrensa til hellarrommet og vollen like utafor. Estimert lokalitetsutbreiing er sett til 30kvm, hellarrommet er omlag 13kvm. Det vart ikkje observert kulturlag korkje inni eller utafor hellaren. Eit markert kollag vart påvist i MT9. Dette laget inneheldt også skjørbrent stein og var magert funnførande. Det er truleg at dette trekollaget er knytta til aktivitet i samband med hellaren. I stikket frå hellaren vart det kun påvist spredte kullfragment og ikkje noko einsarta trekollag. Det funnførande laget var gråbrunt og sandhaldig med innslag av trekol og små steinheller. Tilhøvet mellom vollen og hellarrommet er sentralt i graden av omfang av forstyrrelsar på lokaliteten. Vollen kan vere ein slags møddingsone etter den tidlegaste bruksfasen på lokaliteten, eller den kan representere ein "utrensking" etter seinare bruk. Det diganostiske funnmaterialet frå hellaren består av eit skiferspissfragment med rombisk tverrsnitt. Einskilde avslag frå prøvestikket i hellarrommet kan være flatehogging/retusjeringsflis, desse er av sin svært finkorna senoflint. Forutan eitt avsalg i skifer er resten av avslagsmaterialet i flint av verierande kvalitet. Tilsaman består funnmaterialet av 21 artefaktar som korkje er brent eller vassrulla. Den bakre strandlinjedateringa for lokaliten gir dateringa 5500 BP. Dersom ein yttar ein margin på to meter mellom lokaliteten og vassflata vert lokaliteten strandlinjedatert til 4800 BP. Denne dateringa er i samsvar med det eldste diagnostisk funnmaterialet frå lokaliteten. Det vart tatt ut kolprøve frå MT9 frå vollen Resultatet frå prøva ga ei datering til overgangen mellom yngre bronsealder og førromerk jarnalder 2435 +-60 BP. Funnmaterialet og den radiologiske dateringa indikerer at lokaliteten har vore nytta ved fleire høve både i yngre steinalder og i bronsealder/jarnalder.
    kommune
    • 1580
    kulturminneId
    • 95561-1
    lokalId
    • 95561-1
    målemetode
    • 63
    nøyaktighet
    • 1000
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217