Frå Per Fett: Buplass fanst i den nå attlagde åkeren 200 m SSV for stova, i stroket like N for ein hamar, 75 m frå Vestrepollen og kring 10 m. o. h. Det meste fanst i bakken opp mot der det nå står ei hytte. Her låg B 9836 og B 11896, oppsamla i åkeren eller i rydningsrøysar langs åkerkantane, samt av Wencke Slomann 1947.
2021:
I samband med detaljreguleringsplan for Vestrepollen vart den uavklarte buplassen kontrollregistrert med prøvestikk både i og rundt opphavleg kartfesting. Dette resulterte i ei mengd funngjenstandar, samt ei ny og større kartfesting.Den sørvestlege delen av lokaliteten ligg i eit relativt ope daldrag på 10-14 meter over havet, medan den nordaustlege delen ligg over ein smal sadel på 12-14 meter over havet, mellom asfaltert veg i aust og berg i vest. På lokaliteten er det grave 14 funnførande prøvestikk, og den er avgrensa av skrint terreng eller funntomme prøvestikk i alle retningar. Det veks furu, gran, bjørk og einer på lokaliteten. I sørvest er det tett vegetasjon, medan det i resten av arealet er meir ope. Det sentrale og sørvestlege arealet er noko utset for myrdanning, og under registreringa var det ein liten bekk heilt vest på lokaliteten.
Det vart gjort 184 funn på lokaliteten, fordelt på dei 14 funnførande prøvestikka – RS3, RS4, RS5, RS6, PS23, PS24, PS25, PS31, PS32, PS33, PS34, PS36, PS37 og PS39. Funna består av avslag og bitar, skraparar, stiklar, flekker, samt slipeplatefragment, og fleire ulike kjernar (bipolare-, sylindrisk- og håndtakskjerne). Her er råstoff av flint, kvarts, kvartsitt, bergkrystall, rhyolitt og bergart.
Dei funnførande prøvestikka på lokaliteten var mellom 25 og 55 cm djupe, med torv som var 10-30 cm tjukk. Stratigrafien på lokaliteten er lite einskapleg. I dei funnførande prøvestikka sørvest på lokaliteten (RS3, RS4, RS5, RS6, PS31, PS32 og PS34) er det massar av varierande brun grus og sand med torv i toppen og berg eller kompakt undergrunn i botn. Funna er gjort i varierande djupne, i overgang frå torv, til botn av nokre av stikka. I PS37 og PS39, sentralt på lokaliteten, var det meir fine massar av brungrå til lysegrå silt, iblanda sand, grus og stein. Nordaust på lokaliteten ligg dei grunnaste stikka (PS23, PS24, PS25 og PS36). PS23, lengst nordaust, har massar av brungrå silt med mykje grovkorna sand, grus og noko stein. Dei to funna (avslag og smalflekke i flint) er gjort anten i torva eller i øvste del av nemnte brungrå massar. PS24 og PS25 har båe massar av lysebrun grus og sand. I PS36 er det for det meste torv iblanda noko silt, grus og småstein. Alle tre funn er gjort i dette laget, i dei nedste 15 cm av stikket. Det var ikkje teikn på kulturlag i nokon av prøvestikka på lokaliteten.
Gjenstandane som vart funne på lokaliteten peikar på aktivitet i yngre steinalder, tidlegneolitikum eller til overgangen mellom eldre og yngre steinalder. Her er registrert ein diagnostisk gjenstand (sylindrisk kjerne), samt råstoff som båe peikar på ei tidlegneolittisk tidfesting. Funna samsvarar med strandforskyvingskurve for området som viser at lokaliteten sin plassering på 10-14 meter over havet var tilnærma strandbunden i denne fasen.