Lokaliteten ligg like ovafor ein mektig strandvoll i Rundvika på dyrka mark på Helland. Strandvollen nedafor er ei mektig akkumulasjon av runde rullestein frå knyttneve storleik og oppover. Kor massiv denne vollen er veit vi ikkje men ei open dreneringsgrøft indikerar at den er minst halvannen meter tjukk og 8-15meter brei. Vollen, som truleg er frå tapes tid, strekkjer seg som eit knekk i terrenget tvers over Rundvika. Det funnførande laget ligg på over - og vestsida for vollen under ein meter med overdekking, som består av eit tynt dyrkingslag over mektig torv. Lokaliteten er avgrensa av negative prøvestikk i nordvest og nordaust. Strandvollen avgrensar lokaliteten i aust og inn mot dyrka mark i vest er lokaliteten avgrensa av negative prøvestikk. Estimert lokalitetsutbreiing er sett til 10-20m2. Lokaliteten er ikkje ein kulturlagslokalitet, men deponeringa under eit mektig, og truleg "in situ" torvlag gjer lokaliteten svært sentral både i lokal og regional samanheng. Relasjonen mellom strandvollen og dei funnførande finsedimenta på oversiden er og av stor interesse. Det er ikkje undersøkt om det funnførande laget strekkjer seg under, eller inntil strandvollen. Det funnførande laget i MT 66 er forsegla av eit 25 cm tjukt dyrkingslag og eit mektig torvdekke som er omlag 70 cm tjukt. Ein svak sandlinse er synleg mellom torvsedimenta på omlag 58-60 cm under overflata.. Det diagnostiske reiskapsmaterialet frå lokaliteten består av skotskada lansettmikrolitt av flint. Denne funnkategorien har ei vid dateringsramme til tidleg og mellommesolitikum. I tillegg er det funne eit avskag/kjernestikkel som hovudsakleg er eit tidlegmesolittisk trekk. Flekke og kjernematerialet frå lokaliteten er truleg nøkkelen til å innsnevre dateringsramma. Eit vassrulla avslag av grønnstein/diabas vart funne i overflata på strandvollen nord og nedafor lokaliteten. Totalt vart det innsamla 177 artefaktar av desse 7 brent og 2 vassrulla. Strandlinjekurva for området syner at lokaliteten ligg omlag 2 meter over tapes maksimum. Den bakre strandlinjedateringa for lokaliteten gir dermed 9750 BP. Det vart samla inn trekol til akselerator datering frå eit nivå som smasvarar med nedre del av pollensøyla og det funnførande laget. Resultatet frå C14-dateringa synte 9410+-70 BP (TUa-3300). Eit resultat som samsvarar godt med det arkeologiske materialet.