Lokaliteten er avgrensa av synkande funnfrekvens i eit prøvestikk opp mot vegen i nord og nordvest. I austleg retning er lokalitetsflata avgrensa av den same mosekledde bergryggen som avgrensar lok 7 lenger nedafor i søraust. Synkande funnfrekvens på nedsida av platået avgrensar lokaliteten i sør. Mot vest er lokaliteten kun topografisk avgrensa av ein bratt skrent med djup myr nedafor. Eit negativt prøvestikk er tatt like vest for skrenten, og syner at lokaliteten ikkje strekkjer seg langt ut i denne retninga heller. Estimert utbreiing av lokaliteten er sett til 130m2. Funnområdet har ikkje status som kulturlagslokalitet. Det funnførande laget er oppimot ein halvmeter tjukt både på den sentrale lokalitetsflata og i skråninga nedafor. Materialet frå skråninga representerer truleg ein møddingsiuasjon frå flata ovafor. Gardsvegen er plassert rett på berget, og ovafor den sentrale funnførande flata. Eit oddfragment av ein skiferspiss med spissovalt/flatt tversnitt er den artefakten so gir mest tidsdiagnostisk informasjon av funna. Sjølv om skifermaterialtet som er påvist i to prøvestikk på lokaliteten, er svært lite, indikerer det til ei datering til neolitikum. Eit mogleg oddfragment, truleg av ein neolitisk tangespiss er og funnen på lokaliteten. Bipolar reduksjonsteknikk dominerar i materialet, men fragment av flekker syner at plattformteknikk og har vore nytta på lokaliteten. eit midtfragment av ei svært regelmessig smalflekke, funnen i An gir eit eit bestemt inntrykk av konisk mikroflekketeknikk og dermed ei datering til mellom/seinmesolitkum. Råstoffordelinga: Flint 88%, kvarts 4,8 %, kvartsitt 1,75%, bergkrystall 4%. Omlag 19% av materialet er påverka av eld, medan 10,5 % er vassrulla. Det kan ikkje utelatast at lokaliteten har fleire bruksfasar. Lokalstrandlinjekurva viser at lokaliteten ligg ca 4 meter over tapes maksimum, og den bakre strandlinjedateringa av lokaliteten blir dermed 9700 BP. Ei strandlinjedatering til tidlegmesolittikum er ikkej i samsvar med det arkeologiske materialet. Dei neolitiske funna syner at lokaliteten helelr ikkej alltid har vore strandbunden. lokaliteten vert datert til atlantisk tid, med gjenbruk av uvisst omfang på flata i neolitikum.