Estimert lokalitetsutstrekning er sett til 30m2. Lokaliteten har ikkje status som kulturlagslokalitet. Funnområdet ligg i eit område kor det har blitt tatt ut torv. Det vart prøvestukke slik at overflatefunnet vart innlemma, og det vart påvist ein svak konsentrasjon av funn og vidare nedover i stikket. Funna låg i eit sandblanda moldlag men det vart og påvist funn i ein brun sandhaldig masse djupare nede. Den øvste delen av det funnførande laget kan difor være øydelagt av erosjon. Utover dette er det ikkje observert forstyrrelsar i dei funnførande laga. Begge prøvestikka er avgrensa vertikalt av marin leire. Det vart ikkje funne diagnostisk reiskapsmateriale frå lokaliteten, som totalt består av seks flintavslag. Likevel er funna frå KS9 svært homogene då tre av fire avslag truleg er frå den same flintknollen. Eit flekkelinande avslag frå KS syner spiss plattformvinkel, vingeforma plattformrest , og bruk av direkte hard (knakkestein) slagteknikk. Dette kjenneteiknar ein tidlegmesolittisk reduksjonsteknikk, men er og ein basisteknikk og utelukkar difor heller ikkje andre periodar. Den lokale strandforsyvingskurva for Baraldneset syner at lokaliteten ligg 12,5 meter over tapes maksimum (11,80), dersom lokaliteten er strandbunden gir dette ein svært høg alder. Ut frå ei samla vurdering vert lokaliteten difor datert til tidlegmesolitikum.