• 95639-1

    id
    • 95639-1
    datafangstdato
    • 2000-04-27T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2006-01-05T14:05:08Z
    informasjon
    • Funnstaden ligg vel 17 meter over dagens havnivå, i vestre kant av draget. I luftlinje er det mellom 100 til 150 meter mot nord til bosplassen. Flata der lokaliteten ligg er vendt mot søraust med god sikt desse retningane. Midt på flaten ligg det ei større flyttblokk med omtrentlege mål på vel 2 gange 3 meter med ei høgd på vel 1 meter. I det funnførande prøvestikket er det først eit lag med lyng og grastorv, så eit lag med finkorna sand, som går ned til botn i stikket. Funna er gjort i prøvestikk 1, medan dei andre prøvestikka var ikkje funnførande og viser oss korleis lokaliteten er avgrensa. Prøvestikka ned mot myrflaten i aust viser at grunnen er gamal strandlinje med større stein under torva, utan andre avsetningar. I prøvestikk 1 er det sandavsetningar. Konsentrasjonen av funn til prøvestikk 1 viser at lokaliteten er liten og knytt til området sør for steinblokka. Av eit område på vel 20 gange 7 meter er lokaliteten truleg ikkje større enn 5-10 kvadratmeter. Høgda over havet ligg på mellom 16-18 meter og tyder på ei rimeleg gamal datering. Røynsler frå andre stader viser at lokalitetane frå den eldste delen av steinalderen er små. Lokaliteten kan med visse atthald plasserast til tidlegmesolitikum.
    kommune
    • 4626
    kulturminneId
    • 95639-1
    lokalId
    • 95639-1
    målemetode
    • 96
    nøyaktighet
    • 10
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217