• 95640-1

    id
    • 95640-1
    datafangstdato
    • 2001-04-25T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2006-01-05T14:28:55Z
    informasjon
    • Plasseringa i terrenget er i samsvar med det ein kan venta å finna frå yngre steinalder. Lokaliteten har vore strandbunden og har hatt bra ly frå nord, aust og dels frå vest. Det har då gått ei lita og grunn vik inn sørvest for lokaliteten. Funn av ein bit rhyolitt (PS3) samt del av ei mikroflekke (PS6) og høgda over havet samanlikna med strandlinjekurva for Sotra tidfestar lokaliteten til dei første hundreåra av yngre steinalder (tidlegneolittikum). Med såpass få funn som det var i prøvestikka, kan det i utgangspunktet sjå ut til at det ikkje dreiar seg om nokon permanent tilhaldsstad, men heller ein buplass for eit kortare opphald. Ute på myra er torvlaget tjukt, opp til 40-50 cm, medan det minkar inn mot ura. Elles er det sandblanda jord og stein og sand/grusavsetningar i botn ned mot ast fjell. Det har med andre ord vore rimeleg bra drenering før myrdanninga tok til.I 6 funnførande prøvestikk vart det til saman gjort 17 funn. I funnmaterialet er det gjort funn av mikroflekke, dette kan indikera at lokaliteten er i frå seinmesolitikum. Det er teikn på at det er blitt nytta konisk flekketeknikk, funn av eit avslag i rhyolitt kan tyde på at me her har ein lokalitet frå overgangstida frå siste del av eldre steinalder og inn i yngre steinalder.
    kommune
    • 4626
    kulturminneId
    • 95640-1
    lokalId
    • 95640-1
    målemetode
    • 55
    nøyaktighet
    • 0
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217