• 95657-1

    id
    • 95657-1
    datafangstdato
    • 2001-07-10T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2006-01-05T14:35:05Z
    informasjon
    • Lokaliteten er ein kulturlagslokalitet, med funn av beinfragment i det eine prøvestikket (LIÅ7). Kulturlaget er danna av feitt, noko humus og trekol, men har ein høg komponent av minerogent materiale (sand). I GR 42 er botnen av kulturlaget utsett for jernutfelling og flintfunna sit einskilde stader fast i grusen. Det overdekkande torvlaget er ikkje særleg mektig, i tillegg er det påvist stratigrafiske moment i botnen av torvlaget, som kan tyde på at flata har vore utsett for marginal overflatedyrking-Dette syner seg som omsnudd i LIÅ 7 og eit moldlag i GR 42. Det er ikkje påvist synlege forstyrrelsar på overflata eller i laga som ligg under torva. Prøvestikka er vertikalt avgrensa på bergflata. Både regulær mikroflekketeknikk og bipolar teknikk er godt representert i funnmaterialet. Det er funne eit retusjert smalflekkefragment av bergkrystall på lokaliteten og ein brent endeskrapar av høgkvalitetsflint laga i regulær flekketeknikk. Flintdominansen er markant men det finst og innslag av bergkrystall, andre råstoff er ikkje påvist på lokaliteten. Det typologisk daterbare materiale frå lokaliteten er tre fragment av eit brent flekkebor og ein stikkel. Den bakre strandlinjedateringa for lokaliteten er 9800 BP, -9600 Bp om ein nytter ein margin på to meter mellom lokaliteten og vassflata. Funnmaterialet er ikkje i tråd med ei tidlegmesolittisk datering. Det er C14-datert to kolprøvar frå kulturlaget i GR42. Topplaget av kulturlaget varat datert til 2240 +-85 BP (T-15490, medan botnlaget fekk dateringa 7785+-70 BP (TUa-3569). Dateringa frå botnlaget av kulturlaget er i samsvar med det arkeologiske materialet. Ut i frå ei samla vurdering vert lokaliteten datert til mellommesolitikum.
    kommune
    • 1580
    kulturminneId
    • 95657-1
    lokalId
    • 95657-1
    målemetode
    • 63
    nøyaktighet
    • 1000
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217