• 95680-1

    id
    • 95680-1
    datafangstdato
    • 2006-07-10T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2006-01-05T14:58:02Z
    informasjon
    • Estimert lokalitetsutbreiing er sett til 80m2. Då lokalitetsflata er topografisk avgrensa vart berre eitt prøvestikk tatt på lokaliteten. Det finst eit tomt avgrensningsstikk 10-12 meter nord og utafor lokalitetsflata. Kulturlaget, som er omlag 30cm tjukt, ligg direkte på bergflata. Dette laget er dekka av eit 20cm mektig torvlag. Dette er ein kulturlagslokalitet som skil seg frå dei andre i Baraldsnes - området då det er gjort funn av fragmenterte brente bein. Kulturlaget er sandhaldig med mykje feitt og kol, stein som er skjørbrent finst berre i små mengder då laget hovudsakleg består av finsediment. Det er ikkje noko synleg skille internt i kulturlaget i stikkprofilet, men ut frå samansetninga til C14 prøvane synte det seg at innhaldet av brente bein var større i dei nedste sjikta av kulturlaget. Det typologisk daterande materialet frå lokaliteten er eit eggfragment av ei vestlandsøks, funne i prøve 26 i nedste sjikt av kulturlaget. Eit fragment av slipt skifer peikar og i retning av neolitikum. Fragmentet er slipt mot ein egg og kan såleis vere ein del av ein kniv eller spyd. keramikk er også funen i ein C14 prøve (prøve 25), men i øvste del av kulturlaget. Bipolare kjerner syner saman med avslagsmaterialet deb dominerande reduksjonsteknikken på lokaliteten. Den bakre strandlinjedateringa for lokaliteten gir dermed 5100 BP. Dersom ein nyttar ein margin på to meter mellom lokaliteten og vassflata vert lokaliteten strandlinjedatert til 4400 BP. Dei to C14-prøvene frå prøvestikket ga dateringar til yngre bronsealder (bøttelag 1, prøve 25), og mellomneolitikum A (bøttelag 3, ptøve 26). Truleg representerer yngre bronselader dateringa 2610+-80 BP (T-155488) ikkje ein bruksfase på lokaliteten, men eller til dømes avsviing. Dateringa til mellomneolitikum 4430+-125 BP (T-15489) passer godt med det diagnostiske funnmaterialet på lokaliteten. Eggfragment av ei vestlandsøks som vart funnen i jordprøve 26 er gjensidig stadfestande.
    kommune
    • 1580
    kulturminneId
    • 95680-1
    lokalId
    • 95680-1
    målemetode
    • 63
    nøyaktighet
    • 1000
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Møre og Romsdal fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217