I eitt prøvestikk vart det totalt funne eit retusjert smalflekkefragment og 9 mikro- og vanlege avslag i flint, samt eit avslag i kvarts. Funna er gjort i eit stratigrafisk sjikt som virkar svært omrota og inneheld mykje humus og lauspakka åkerjord. Det vart ikkje påvist funn i sikker undergrunnsmasse.