Utbreiinga på lokaliteten er omlag 120m2. Totalt er det tatt fem prøvestikk på lokaliteten. Dei stratigrafiske tilhøva på lokaliteten varierar sterkt mellom prøvestikk som er prega av dyrking og prøvestikk kor kulturlaget er inntakt. Lokaliteten er truleg overflatedyrka ved at mold er henta i torvmyrane og lagt på berga, eit fenomen som er utbreidd på Baraldsneset (Slyngstad 1983). Kulturlaget på lokaliteten er av same karakter som lok 2 men med ein større frekvens av skjørbrent rullestein og større variasjon i tjukknad pga ei meir ujamn bergflate. Det er ikkje funne brente bein, og prosentandelen av brent flint er 15, 5. Ein vestlandsmeisel vart funne i lausmassane ved kisteveita, og daterer lokaliteten typologisk til mellomneolitikum. Bipolar teknikk dominerer, i eit materiale prega av flint i vareiarnade råstoffkvalitet. Den totale mangelen på flekker og flekketeknikk er og eit oppsiktsvekkjande trekk i funnmaterialet. Den bakre strandlinjedateringa for lokaliteten er 5600 BP. Dersom ein nyttar ein margin på to meter mellom vasskantenog overflata på lokaliteten er lokaliteten strandlinjedatert til 4700 BP. Trekol frå prøvestikk TAW7 (prøve37) synte resultatet 4495+-95 BP (T-15493). Loklaiteten vert ut frå ei smala vurdering datert til mellomneolitikum A.