Funna er gjort både i dyrkingslag og i undergrunn. Hovudkonsentrasjonen på lokaliteten ligg i det søraustre hjørnet av den omlag 120m2 store lokalitetsflata. Lokaliteten er ikkje ein kulturlagslokalitet. Materialet frå MT 26 er funne i eit 40cm tjukt kolhaldig sandblanda dyrkingslag, og vidare ned i eit grusblanda siltlag deponert på berg. Funnfrekvensen er jamn nedover men tettast i overgangen mellom dyrkingslaget og undergrunnen. Ein liknande situasjon er påvist i EK 21. Funna i MT 27 og GJ 21 er frå dyrkingslaget. Det at funna er gjort i dyrkingslaget gir dei ein meir usikker stratigrafisk kontekst, det horisontale biletet av funnspreiinga kan ikkje undersøkinga vår syne. Tilhøvet mellom prøvestikka på lokaliteten, og internt i MT 26, gir likevel eit inntrykk av at det finst intakte lommer av primærdeponert arkeologisk materiale.Det er ikkje gjort tidsdianostiske reiskapsfunn frå lokaliteten, men eit mindre innslag av skifer kan indikere neolitisk datering. Ein høg bergkrystallfaktor (11%) peikar i retning av ei seinmesolittisk datering. Eit proksmalt flekkefragment med tosidig retusj frå EK 21 kan være eit tangeframgment frå ei neolittisk A-pil. Den bakre strandlinjedatering for lokaliteten er 9500 BP, eller 5300 BP om ein nyttar ein margin på to meter mellom lokaliteten og vassflata. Ut i frå ei samla vurdering vert lokaliteten datert til overgangen mellom seinmesolitikum og tidlegneolitikum.