Då det under eit skrint torv - og dyrkingslag låg diagnostisk tidlegmesolittisk materiale, som og definitivt stadvis var in situ, vart det ikkje flateavdekka etter strukturar under dette nivået. Deler av lokaliteten er truleg utpløgd, då det funnførande laget stadvis ligg høgt oppe i undergrunnen og i dyrkingslaget. Det dyrka området vest for tunet på Baraldsneset kan skildrast som ei flintmark. Mykje av funnmaterialet her er "konsentrasjonslaust", dvs det gir inga meining i høve til avgrensa einingar. Einskilde lommer av in situ materiale finst, men desse er nærast uråd å avgrense på ein tilfredsstillande måte med prøvestikking som metode. Lokaliteten er avgrensa i alle retningar av synkande funnfrekvens frå hovudkonsentrasjonen. Estimert utbreiing på lokaliteten er sett til 40m2. Lokaliteten, som ikkje er kulturlagslokalitet, ligg på dyrka mark, under og delvis i, eit tynt (20cm) torv og dyrkingslag. Dyrkingsaktivitet på desse skrinne dyrkingsmassane er truleg årsaken til at funndistribusjonen på lokaliteten , og i området generelt, er noko utflytande. Undergrunnsmassane i området er relativt homogene, og består stadvis hardpakka brungul sandjord med høg frekvens av stein i knyttneve storleik. Funnmaterialet frå lokaliteten peikar retning av preboreal tid. Eit av unntaka er er to avslag skifer, men dei er funne i pløyelaget og det er dessutan uvist om dei i det heile tatt er førhistoriske. Det diagnostiske tidligmesolittiske materialet frå lokaliteten består av fem eksemplar av karakteristiske flintprosjektil, i tillegg til ein stikkel og ein flekkekniv. Reduksjonsteknikken som er nytta er handheldt direkte slag med flintavfall med spiss avspaltingsvinkel som karakteristisk resultat, eit tidlegmesolitisk kjenneteikn. Råstoffbiletet med nærast ein dominas av flint som materiale, peiakr i same retning. Den bakre stranlinjedateringa for lokaliteten gir 10000 BP. Dersom ein nyttar ein margin på to meter mellom lokaliteten og vessflata vert lokaliteten strandlinjedatert til 9800 BP. Ut frå ei samla vurdering vert lokaliteten difor datert til tidlegmesolitikum.