Lok 41 er definert som eit funnområde av kategori A. Funnmaterialet frå lokaliteten består av 104 gjenstander, av desse er 103 flint, eit funn er av blå mylonitt. Brorparten av funna er gjort som overflatefunn i sjakta, i botn av dyrkingslaget på overgongen til undergrunnsmassar. Det er berre i eit prøvestikk at det er dokumentert funn ned i grusen under dyrkingsjord. Det er rundt dette prøvestikket at frekvensen av overflatefunn og er høgast i sjakta. Dette kan indikere ein reell funnkonsentrasjon. Mykje av materialet er flytta rundt av dyrkingsaktivitet. Diagnostiske reiskapsfunn frå tidligmesolitikum er påvist ved ei skiveøks og ein høgnipenspiss. medan funn avflekkebor, regelmessige flekker og konisk kjerne syner at lokaliteten og var nytta i mellommesolitikum. Mesteparten av funna er gjort i botn av av dyrkingslaget i overgangen til undergrunnsmassar. Det er berre i eit prøvestikk at det er dokumentert funn ned i grusen under dyrkingsjord, (GJ45). Det er rundt dette prøvestikket at funn frekvensen av overflatefunn er høgast i sjakta. Dette kan indikere ein reel funnkonsentrasjon.