"Lok" 44 er definert som eit funnområde av kategori A. Funnmaterialet kjem frå 3 prøvestikk med materiale som er funne i åkerjord. Desse stikka ligg på same høgda - omlag 12 meter over havet. Av totalt 8 artefaktar er 6 av flint. Det er også funne eit avslag av kvartsitt og eit av bergkrystall. Foruten avslag er det funne eit fragment av ei smalflekke, eit retusjert avslag, ein einegga spiss og ein bipolar kjerne. Det svært heterogene funnmaterialet syner at fleire tidsbolkar er representert i materialet. Funna er gjort i det skrinne dyrkingslaget nedafor ein bratt skråning, og representerar redeponeringar av uviss grad. Mykje av materialet er truleg og flytta på av dyrkingsaktivitet. I dei 3 andre prøvestikka er noko av materialet (7) funne i eit dyrkingslag under åkerjorda. Det eldste dyrkingslaget er meir grusblanda og inneheldt trekolbitar. Funnivået er omlag 7 meter over havet, og funna er spreidt mellom det yngste og eldste dyrkingslaget. Totalt er det gjort 7 funn, av desse er det 5 mikro- og vanlige avslag av flint. I tillegg er det funne ein flateretusjert spiss av SN eller tidlig BA type og ein malestein/knakkestein av strandrulla kvartsitt. Det vart tatt ut ein C14-prøve i laget kor den flateretusjerte spissen vart funne. Resultatet synte 2650+-85 BP (T-1594), dette syner at materialet og dateringa av det eldste dyrkingslaget heller ikkje samsvarar. Om det er spissen som er ute av funnkontekst, om dateringa ikkje representerer laget det er tatt ut i, eller det er ein kombinasjon av begge faktorar er eit ope spørsmål. Dateringa til yngste del av yngre bronsealder er interessant i høve til 14C resultata frå lok 4 på Haugen, og kan indikere ein ryddingsfase/avsviing i området.