Lok 46 er definert som eit funnområde av kategori A. Funnmaterialet kjem frå prøvestikk i og rundt sjakt 45, samt overflatefunn i sjakt 45. Funnmaterialet frå lokaliteten består av 38 gjenstandar av flint, av desse er 8 vassrulla. Diagnostiske reiskapsfunn frå tidlegmesolitikum er påvist ved ein tangespiss og ei ryggflekke /flekke frå ein flekkekjerne med spiss avspaltingsvinkel. Brorparten av funna er gjort i det skrinne dyrkingslaget på overgongen til undergrunnsmassar. Mykje av materialet er truleg flytta på av dyrkingsaktivitet.