Røysa er 8 m i tverrmål og den er opptil 1 m høg. Stein kan vera tatt i austre kant i gamal tid. Midt i røysa synest væra eit 2 m langt og 1 m breitt A-V gåande kammer, nokolunde firkanta i form, med stein eller helle over. Kammeret er ikkje opna i nyare tid. Røysa er delvis overvakse med tildels stor lauvskog og steinane er elles mosegrodd. I vestre kant av røysa er det lagt ein bosplass.