Lok. 1 er ein heller, 5 x 3 m, NV-SA. På framsida er det ein låg steinmur/voll langs dråpefallet. Her vart funne glass og bein. Lok. 2 er ein hole. Framfor hola er det murt opp ein voll, som i dag delvis er dekt av gras og mose. Hola er omlag 4,5 m djup frå inngang til botn (A-V). Taket er særs lågt, og det er ikkje råd å stå oppreist her. Det vart funne ein beinbit djupt nede i eit prøvestikk. Lok. 3 er ein liten heller, 6 x 6 m, N-S. I eit av prøvestikka vart det påvist ei nedgraving. Dette var fullt av trekol og koks. Her vart det funne slagg, mogleg pilspiss av jern, keramikk og glas.
Rett rapportreferanse er: Rapport 25-2002