• 95946

    id
    • 95946
    datafangstdato
    • 1900-01-01T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2006-01-29T12:12:45Z
    informasjon
    • Fk. 1/3 (Ross 6a): Røys, ligg delvis under det gamle bøgjerdet. Ho er svært overgrodd, men kan sjåast som ei svak forhøgning i terrenget, der stein stikk opp av bakken. Av den nordlege delen av røysa er vel 3 m synleg. Ho har truleg vore oppimot 7 m i tverrmål. Det er tatt ein del stein til steingjerdet som skjer tvert over røysa. Røysa ligg mykje nedgrodd inne i ei klyngje med lauvtre. Fk. 1/4 (Ross 6b): Lita røys tett N for fk 1/3. Røysa er svært overgrodd og berre eit fåtal stein stikk opp gjennom undervegetasjonen. Avgrensing med sonderingsbor viser ei utstrekning på 3 - 4 m i tverrmål. Røysa er svært låg. Fk. 1/5 (Ross 6c): Røys, skal ligga 1 m A-NA for fk 1/3, men her er i dag ikkje råd å finna at røysa. Truleg er den fjerna i samband med bygging av steingjerdet i gamal tid, men det bør undersøkast om røysa ikkje ligg att som ein rest under bakken. Fk. 1/6 (Ross 6d): Røys, skal ligga NA for røys fk. 1/3, men er i dag ikkje synleg og ho er truleg bortrydda. Fk. 1/7 (Ross 6e): Røys, overgrodd med orrekratt og er i dag svært lite synleg. Plasseringa er vel 10 m frå bøgarden. Fett skildrar den som den klaraste røysa. Ho er vel 9 m i tverrmål og elles låg og flat. I dag er berre nokre få steinar synlege. Fk. 1/8 (Ross 6f): Røys, er i dag ikkje råd å påvisa. Den er enten øydelagt av veganlegget opp til Furuhaug, eller så er den så overgrodd at ein ikkje kan påvisa den. Fk. 1/9 (Ross 6g): Røys, skal ligga NV for vegen opp til Furuhaug. Her fortset flaten bortover mot skuleområdet. I dag står det store furutre og steinar i undergrunnen pressa opp av røtene. Det er difor vanskeleg å fastslå ei eksakt plassering av røysa. Fk. 1/10-13 (Ross 6h - l): Røysane låg i området der det i dag står skule. Det er ikkje råd å finna nokre spor, og 6k låg truleg der skulebygninga står i dag.
    kommune
    • 4617
    kulturminneId
    • 95946
    lokalId
    • 95946
    målemetode
    • 55
    nøyaktighet
    • 0
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Universitetsmuseet i Bergen
    versjonId
    • 20210217