Buplassar på den gamle husmannsplassen Mattisplassen. 27,5 m2 vart utgrave 1923 (Johs. Bøe), 5-10 m NNO for uthuset. Staden er i livd i V, N og O. Funn vart ikkje gjort under 12,5 moh. Bilete: Ekholm 1927 Pl. 43 a. Bull 1936 fig. 1. Gjessing 1945 fig. 40. Oldsaker låg i overgangen mellom 10 cm grastorv og vekslande lag brun sand på berg, serleg tett ved bergknutar som stakk opp og var laglege å sitte på. Herfrå er B 7537-B 7539 o. fl. Buplassen rakk ned til ein trøskel i bakken. Nedanfor hadde det vore gjort spreidde funn før 1921, serleg ein stad 1,5 m lågare enn trøskelen ei "tættere samling grønstein og aarekvarts over en flate paa nogen kvadratmeter". Seinare har det vore gjort funn også ovanfor, serleg i ei flate ca. 10 m NV for gravefeltet og ca. 15 moh., såleis B 8267, B 8425 (katalogens nordost skal vere nordvest) og Privat, og 25 m vidare N: B 8426. Då er ein nær steingarden. Men mykje har vore oppsamla "i strøket": B 7860, B 8234, B 8378, B 8558 - B 8559. B 8799-B 8800, utan at ein kan seie nærare kor i dette stykket dei kjem frå.