• 96417-1

    id
    • 96417-1
    datafangstdato
    • 1995-04-01T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2006-02-27T10:54:28Z
    informasjon
    • Den svakt hellande flata/myra lokaliteten ligg på er om lag 25 x 25 meter. Kring denne flata er det spreidd småbjørk. Området er i dag tilvakse med gras og lyng, og grunnen er noko fuktig i dette draget. Ut frå plasseringa, mengda funn, stratigrafi og samansetninga på funna ser lokaliteten ut til å vera ein aktivitetsplass, og ikkje ein buplass. Topografien på staden, saman med prøvestikka, gjer at me kan avgrensa lokaliteten til å vera på ca 40 kvm i storleik. Det er i same området, sør på Spissøy, påvist fleire buplassar/aktivitetsplassar frå steinalder. Lagdelinga på lokaliteten er mykje lik over heile flaten. Lagdelinga i dei funnførande prøvestikka er som følgjande: I prøvestikk 1 er det øvst 15 cm med torv. Under denne er det 15 ¿ 20 cm med brun, svært humushaldig sand- og grusmasse. Nedst finn vi raudbrun sand og grus (aur). I prøvestikk 2 er torva på vel 10 cm. Laget under dette er og 20 cm tjukt, og er sett saman av brun, svært humushaldig sand- og grusmasse. Under dette kjem me ned på det som er tolka som gamal marin undergrunn, med finkorna sand. Lagdelinga viser ei tredeling av massen. Funna på lokaliteten er gjort i nedre del av lag to.
    kommune
    • 4613
    kulturminneId
    • 96417-1
    lokalId
    • 96417-1
    målemetode
    • 55
    nøyaktighet
    • 0
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217