Flata som lokaliteten ligg på måler om lag 30 meter nord ¿ sør, og vel 20 meter aust ¿ søraust, og dekker såleis ei flate på opp mot 600 kvadratmeter. Topografisk er lokaliteten avgrensa av berg i tre retningar, medan det ligg myr mot nord. Dette gjer at me ut frå topografien og prøvestikka kan anslå buplassen til å vera opp mot 300 kvadratmeter. Ein steingard fylgjer topografien i området og syner såleis avgrensinga av lokaliteten i alle retningar bortsett frå mot nord. Eit heildekkande sand- og gruslag har gjeve god drenering på buplassen. Ut frå plasseringa, mengda funn, stratigrafi og samansetninga på funna ser lokaliteten ut til å vera ein buplass. På heile flata er torva noko om lag 10 cm tjukk (lag 1). Under dette kjem det eit 10 til 20 cm tjukt lag med lys brun til brun sand og humusblanda med noko grus (lag 2). Dette er funnførande lag. Nedst finn me over det meste av lokaliteten brun sand og grus (undergrunn).