Flata som lokaliteten ligg på, er om lag 15 meter nord ¿ sør, og 8 meter aust ¿ vest. Topografisk er lokaliteten avgrensa av berg i alle retningar unnateke mot vest kor det er opent ut mot myra. Topografien på staden, saman med prøvestikka, gjer at me kan avgrensa lokaliteten til å vera om lag 60 kvadratmeter i storleik. Ut frå plasseringa, mengda funn, stratigrafi og samansetninga på funna ser lokaliteten ut til å vera ein buplass. Torva er vel 15 cm tjukk (lag 1). Under dette kjem det eit opp til 10 cm tjukt lag med brun til brunsvart humushaldig sand- og gruslag med litt trekol (lag 2). Dette er funnførande lag. Nedst finn me lys brun sand og grus (undergrunn).