På lokaliteten vart det grave 4 prøvestikk, av desse var alle funnførande. PS 1,2 og 3 har tilnærma lik stratigrafi. Under 10 cm med torv er det om lag 20 cm med matjord, denne var kompakt og noko grus- og sandhaldig. Under dette var eit lyst brungult sand/gruslag, dette var om lag 10 cm tjukt og var funnførande. I botn var det steril sand og grus. PS 4 skilte seg noko ut i stratigrafien, dei øvste 10 cm var skogsbotn og vidare 25 cm med fuktig mold/myr. Under dette var det eit blågrått sand/gruslag. Dette var funnførande. Under sand/gruslaget var det blågrå leire. Det vart til saman gjort 8 funn, ingen av funna er diagnostiske så det er vanskeleg å antyde datering nærare enn steinalder. Det vart mellom anna gjort funn av 1 makroavslag, 1 smalflekkefragment og 1 kjernefragment brukt som skrapar, alle i flint.