Lokalitet 2 er ein aktivitetsplass frå steinalder. Det er teke fem prøvestikk på denne flata, og inn mellom dei to bergkollane vart det påvist to funnførande prøvestikk. Lokaliteten ligg på mellom 8 og 10 meter over havet. Funna og lokaliseringa tyder ikkje på at lokaliteten har karakter av å vera ein buplass. Truleg er dette ein liten aktivitetsplass knytt til bruken av sundet i steinalderen. Ut frå funnførande prøvestikk og topografien på staden strekker lokaliteten seg 15 x 25 meter nordaust - sørvest. I dei to funnførande prøvestikka på lokaliteten er det til saman gjort 9 funn. Råstoffa varierer mellom flint og kvarts. Datering av lokaliteten må gjerast ut i frå ei vurdering av materialet og ei vurdering av høgd over havet. Høgda over havet for lokaliteten er frå 8 til 10 meter. Dei to funnførande prøvestikka dannar saman med topografien truleg sentrum av lokaliteten. Jamfører me dette med standlinekurva for Røyksund, Bømlo finn me at lokalitetar attmed stranda på eit nivå på 8-10 meter får ei brukstid attende til vel 4800 år sidan. Frå denne tida og tilbake til vel 8000 år sidan ligg lokaliteten under vatn. I perioden frå 8200 og attende til vel 9200 år ligg lokaliteten over vassflata. Dei fleste avslaga er vassrulla, noko som tyder på at lokaliteten er transgredert. Det renn en del vatn gjennom det fuktige daldraget. Dette kan også ha medført at funna er vassrulla. Funnmaterialet kan ikkje gje ei meir spesifikk datering av lokaliteten. Det er tatt 5 prøvestikk på lokaliteten, der 2 var funnførande. Prøvestikk 1 og 2 lengst sørvest på lokaliteten var funnførande. Desse stikka er tekne på ei lita flate mellom to bergknausar. Ut over det er lokaliteten avgrensa av berg og funntomme prøvestikk ut mot midten av daldraget i nordaust. I dei funntomme prøvestikka var det tjukke myravsetningar. På dei to funnførande stikka er torva om lag 40 cm tjukk (lag 1og 2). Under dette kjem det eit 8 cm tjukt lag med gråbrun sand og grus med noko humus og små trekolbitar. (lag 3). Dette er funnførande lag. Nedst finn me grå sand og grus (undergrunn). Ut frå plasseringa, mengda funn, stratigrafi og samansetninga på funna ser lokaliteten ut til å vera ein aktivitetsplass.