Lokaliteten er liten og måler om lag 9-10 X 2,5 m NV-SA og NA-SV. Utstrekninga i breidda er naturleg ut frå topografien men kor langt den strekk seg mot V er meir usikkert. Lokaliteten kan ikkje vera stor sidan den ligg på ei "hylle" i ein skrent. Det vart og teke eit prøvestikk V for lokaliteten, på den same hylla. Dette prøvestikket var negativt. I prøvestikket som vart teke på lokaliteten finn ein øvst oppe eit 30 cm tjukt lag med torv, den nedre delen av dette laget inneheld kol. Under dette finn ein lag 3 som er brun fin sand som er noko "feitt" med nokre små steinar. Dette laget er funnførande. Under dette laget finn ein lag 4 som er noko mørkare enn laget over og med fin sand og noko "feitt". Dette laget var og funnførande. Under dette laget kjem ein ned på stein.