• 97073-1

    id
    • 97073-1
    datafangstdato
    • 2002-06-12T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2006-03-27T12:58:23Z
    informasjon
    • Lokaliteten måler om lag 10 X 5 m orientert NA-SV - NV-SA. Lokaliteten er grasgrodd og her veks og ein del einer. Inn mot bergveggen i A veks nokre spredte graner og i NV er det tett planteskog. Heile lokaliteten er prega av vassig og her er fuktig torv fleire plassar. Det var teke til saman 3 prøvestikk på og rundt lokaliteten. To av prøvestikka var positive. Avgrensing av lokaliteten er gjort ut frå prøvestikk men og ut frå topografi. Det vart stukke ein heil del med sonderbor på plassen og her er skrint og berg mange plassar. Avgrensinga er naturleg inn mot berget i A og mot nord er det ein liten kant ned mot plantefeltet i N. Dei to prøvestikka på lokaliteten var temmeleg eins. Her var tjukk torv - frå 30 -37 cm med varierande farge frå brun til mørk brun. Torva var sers fuktig og prøvestikka vart fylde med vatn. Under torva finn ein ein del stein 10-30 cm i størrelse og eit brunt til mørk brunt sandlag. Sandlaget var funnførande og frå 5-12 cm tjukt. Under laget var det stor stein eller berg.
    kommune
    • 4626
    kulturminneId
    • 97073-1
    lokalId
    • 97073-1
    målemetode
    • 55
    nøyaktighet
    • 0
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217