Utstrekninga på lokaliteten er uviss. Det vart teke til saman 3 prøvestikk i dette området men kun eit av stikka var funnførande. På kartet er det gjort eit forsøk på ein avgrensing men denne avgrensinga må sjåast som usikker og førebels og ikkje ei fast grense for lokaliteten. Lokaliteten er grasgrodd og i bakkant - mot NA er det plantefelt (gran). Om lag 40 m N for lokalitet 4 vart det teke eit prøvestikk som og var positivt - lokalite 5. Avstanden opp til lokalitet 3 er om lag 60 m. I prøvestikket som vart teke på lokaliteten var det eit mørk brunt lag torv - 20-22 cm tjukt - over eit funnførande lag med brun sand og noko kol. Det var ein del vassrulla stein i heile laget. Laget var 17-18 cm tjukt. Under dette laget kjem ein ned til steril undergrunn med gråbrun sand, små rullestein og grus.