Lokaliteten måler om lag 12-13 m orientert NNV-SSA og 8 m VSV-ANA. Lokaliteten er grasgrodd og i den søndre delen veks og ein del krattskog. A og N for lokaliteten veks det tett granskog. I N går ein sti opp frå lokalitet 3 og stigen deler seg før ein kjem inn på lokalitet 6. Dert vart teke til saman 8 prøvestikk på og rundt lokaliteten. 2 av prøvestikka var funnførande. Stratigrafien i dei to prøvestikka på lokaliteten er mykje lik men varierar noko. Under eit 30 cm tjukt torvlag finn ein eit mørk raudbrunt til brunsvart lag med stein sand og grus. Laget inneheld noko kol og humus. Laget er funnførande og om lag 30-35 cm tjukt. Undergrunnen er vanskeleg å skilja frå det funnførande laget over men noko lausare i konsistens og mykje våtare enn laget over.