• 97451-1

    id
    • 97451-1
    datafangstdato
    • 2006-03-21T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2006-04-21T15:52:11Z
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Staden ligg inst i Ljonesvågen, på ei flate mellom elva som kjem frå Eidesvatnet og eit langt bergalag som strekkjer seg i sørsørvestleg retning frå avkjørsla riksvegen - Ljones, og fortset utover langs Ljonesvågen der det dreiar mot sørvest og vest og endar ved Hjartneskaien. Bergveggen reiser seg bratt mot vestnordvest. Langs med foten av bergveggen er det ur av kampestein som dannar eit utal av holer og gangar. Noko vass-sèg nedover bergveggen, som i nedbørsrike periodar dannar bekk som renn like forbi lokaliteten i vest. Dette er truleg resultat av utbetringsarbeide på riksvegen i seinare år. Rett mot aust, ca 40 meter frå sentrum av lokaliteten, renn elva forbi nede i ei deld. Elvesidene er delvis oppmura. Om hausten og elles når det er mykje nedbør, kan elva ha stor vassføring. Fleire kvernhus og ei sag har tidlegare vore i bruk langs med elva. Buplassen ligg på grensa mellom to bruk, 3 og 6, og den gamle ferdslevegen til sjøen går over lokaliteten sin austlege del. Denne vegen er enno i bruk av dei gardane som har naustrettar på vestsida av Ljonesvågen, men mest nytta som gangveg. På sørlege del av lokaliteten står murane etter eit bustadhus (strandsitjarplass). Avstand til sjøen i sør er 150 meter. Til riksvegen i nord er det 225 meter. Hønseri ligg mindre enn 100 meter unna, på austsida av elva. Tilkomst: Frå vegkrysset mellom riksvegen og Ljonesvegen føl ein riksvegen ca 25 meter mot sørvest. Vegen til sjøen går forholdsvis bratt ned til venstre (sør). Denne vegen går òg ned til gard og bruksnummer 99 / 6. Ein føl vegen 225 meter til ein kjem til grensegjerde og grind mellom bruk 6 og 3. Ein er då framme på lokaliteten. Beskrivelse fra Enkeltminne: Buplass under dyrka mark, funn frå seinmesolittikum, mikroflekketeknikk. Det vart teke 14 prøvestikk. Av desse var 9 positive. Spesielt fin er ei lang mikroflekke i flint. Det vart òg funne fleire mikroflekker i flint, vanlege flintavslag, kvartsittavslag og svært mange avslag i lokal grågrøn kvartsitt.
    kommune
    • 4622
    kulturminneId
    • 97451-1
    lokalId
    • 97451-1
    målemetode
    • 92
    nøyaktighet
    • 1000
    oppdateringsdato
    • 2020-01-27T20:13:20Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217