Samling av to tufter, og tre bogestiller. Alle desse kulturminna ligg om lag 960 m.o.h. inn mot ei stor steinur ved foten av den sørlege veggen på Karaldenuten. Framfor steinura er det ein stor voll som dei to tuftene ligg på. I aust går eit større bekkefar som renn ned mot Roaldsdalen i sørvest og endar i Dalselvi som renn ut i Ålvik. To av bogestøa ligg i kanten av steinura, medan eitt ligg om lag 20 meter opp i ura.