Beskrivelse fra lokalitet:
Feltet består av en hjortefigur. Steil bergflate, vendt mot sør. Står i fast fjell ved fjorden. Utsikt til andre fjell på andre siden av fjorden. Skog og kratt ved og rundt feltet. En god del rasmateriale i området. Område med gårdsdrift. Veien gå like ved, ca 3 m fra foten av berget feltet er på. Berget ble nylig sprengt i for å bedre veien, men selve ristningen og feltet rundt står igjen.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Hjort på ein søraustvend, bratt, isolert hamar 20 m o. h., like ved riksvegen i Jøtteskorane på Bjelkanes. Steil bergflate, vendt mot sør. Står i fast fjell ved fjorden. Utsikt til andre fjell på andre siden av fjorden. Skog og kratt ved og rundt feltet. En god del rasmateriale i området. Område med gårdsdrift. Veien gå like ved, ca 3 m fra foten av berget feltet er på. Berget ble nylig sprengt i for å bedre veien, men selve ristningen og feltet rundt står igjen. BERGFLATEFORVITRING (av Linda Sæbø): Bergflata er svært steil og store delar av flata er utsett for vassig. Vassiget går også over den einaste ristninga på lokaliteten. Dei delane av bergflata som er utsett for vassig er misfarga av ein svart patina som ligg som ein glasur på bergflata. Det vart ikkje tatt ut prøve her, så det er uviss kva belegget består av. Tidlegare undersøkingar har synt at biofilm hovudsakleg består av alger, cyanobakteriar og sopp. Her er derimot belegget tjukkare, som ein glasur. Liknande svart belegg er observert på andre bergkunstlokalitetar, og her har undersøkingar synt at belegget består av utfelt amorf silika og sopp. Ofte er det observert at slike lag sprekk opp og spaltar av i form av eksfoliasjon. Då det ikkje vart observert eksfoliasjon på denne flata, vart ikkje mineralutfelling kryssa ut som ein trussel for bevaring av ristningsfiguren. Dersom patinaen på bergflata består av silika, vil denne truleg verne minerala i bergarten mot kjemisk vitring. Kjemisk vitring er likevel kryssa ut som ein stor trussel, då ein er usikker på samansetjinga på patinaen. På bergflata vart det observert utvikling av små groper og forsenkningar i bergflata. Gropene varierer i storleik frå små knappnålshovudstore porer til 2-3 cm store elongerte groper, og har avrunda kantar. Slike groper er observert på andre bergkunstlokalitetar (t.d. Unneset, Håhaugsteinen), og dei vert truleg danna ved oppløysing av dei mest lettløyselege minerala i bergarten. Oppløysinga resulterer til slutt i lausvitring og utfall av meir motstandsdyktige mineral som kvarts. Det er observert at gropene ofte fylgjer bestemte lag og lamina, og dette indikerer at dette førekjem i lag som er rik på lettløyselege mineral. Gropene er i fåtal på bergflata, og utgjer truleg ikkje ein stor bevaringsmessig trussel for figuren på lokaliteten. Ei open sprekk orientert parallelt foliasjonen i bergarten kryssar tvers gjennom øvre delen av ristningsfiguren på lokaliteten. Ei delvis innfylling med sement i sprekka ser ikkje ut til å ha vitringshemmande effekt.