Denne tufta ligg inn til eit berg om lag 15 meter sørvest for tuft I. Ein stor rund stein ligg oppå berget. Dei ytre måla på tufta er 4,5 x 7 meter, og den er orientert aust-vest. Langveggen mot nord fylgjer berget. Denne tufta er heilt overgrodd med lyng og gras. Steinane i veggvollane er forholdsvis store, og desse kan fylgjast rundt heile tufta. Høgda på veggvollene er på opp til 40 cm på grunn av storleiken på steinane. Det ligg litt overgrodd stein inne i tufta. Det kan sjå ut til at det er i den austlege endeveggen inngangspartiet har lege. Dette er det likevel ikkje mogeleg å slå fast utan ei nærmare undersøking. Det vart prøvestukke om lag midt i tufta. Profilen i prøvestikket syner øvst 5 cm brun torv. Dernest kjem det 4 cm gråbrun sand og grus. Under dette igjen er det eit brunt til svart humushaldig kollag på 5 cm. Nedst finn vi raudbrun fuktig aur og grå leire. Det er tatt ut dateringsmateriale frå lag 3, men det var ikkje nok midlar til å få denne prøva datert. Forma og oppbygnaden på tufta tydar på at den er frå førhistorisk tid. Av utsjånad ser den ut til å være eldre enn tuft I som er datert til mellomalder. Den er ikkje så godt bevart som tuft I, men det kan også skyldast at det er henta stein herifrå til bygginga av yngre tufter.