Lokaliteten ligg på ein markert åsrygg på søraustsida av Tyttebærneset. Her er i dag stor furuskog, deler av denne er rotvelta, men ikkje tatt ut som virke. Området er i dag lite nytta utmark. Lokaliteten synest væra liten, mot aust er det eit bratt berg ned mot vika som kjem inn frå sør. I vest er det kuppert lende ned mot ei lågareliggande myr. Det er eit funnførande prøvestikk på ein flate på vel 60 m2. Lagdelinga viser først eit vel 10 cm. tjukt lag med torv delvis omdanna organisk materiale. Under dette kjem eit lag med lys sand, dette laget er og det funnførande laget. Under dette kjem eit lag med raud jord.